«Jakob – vegen heim er lang» - Kulturkyrkja 22.mars

«Jakob – vegen heim er lang» er ein nyskapt klassikar frå Det gamle testamentet.

Jakob lurte odelsretten frå bror sin. Han slost med Gud, og brukte eit heilt liv på å koma seg heim. Han er verkeleg ein mann av vår tid!

 

Helga Samset og Jonas Kilmork Vemøy - Klikk for stort bilete

 

Forteljingane i Bibelen går ikkje ut på dato. Dei er som eventyra  - dei har djupe botnar og vil oss noko anna og meir enn vi gjerne trur, eller som dei i fyrste omgang framstår som. Dei er fulle av gåter og ville vendingar, og dei gjev oss gjerne eit rått portrett av menneskets merkelege vegar.

Forteljinga om Jakob er ei av dei mest sentrale i Bibelen . Ho er dramatisk, spanande og gåtefull. Og til denne dag har denne kulturberande forteljinga sett spor etter seg i litteraturen, politikken, og tilmed på kartet i Midt-Austen.

 

Helga Samset er ei av dei fremste forteljarane i Noreg. Ho har vore profesjonell forteljar siden 1995, og har hatt tallause forestillingar over heile landet. Det stoffet ho likar best er folkeeventyr, forteljingar frå Bibelen og eige stoff. Denne forestillinga har ho laga saman med trompetisten Jonas Kilmork Vemøy. Han er utdanna frå Norges musikkhøgskole, og har medverka på eit tjuetal plateutgjevingar.

 

Saman vil dei gje oss ein ugløymande kveld!

Kvelden er eit samarbeid mellom Stord kyrkjeakademi og Valestrand kulturkyrkje

Forestillinga vert torsdag 22. mars kl 18.30  Kafe etterpå.

Bilettprisar; 200,- /150,-/50,- .

 

 

Publisert av Ottar Krakk. Sist endra 06.03.2018